Heine & Kathrine

06. juni 2020
Skånevik
Me giftar oss!

Bryllaupet vårt

Bryllaupsfesten er kansellert pga. gjeldande retningsliner for sosial distansering og då hotellet held stengt til 15. juni. Me har ikkje avtalt noko ny dato, men ser evt. på ei helg i juni 2021. Ei enkel vigsel vil bli gjennomført utandørs i Justagjerdet 6. juni. Kor mange som kan vere til stades her er førebels ikkje avklart. Gjeldande anbefalingar frå Helsedirektoratet og Stord kommune vil måtte føljast.

Velkomne til bryllaup i Skånevik 06.06.2020!

Det blir vigsel utandørs på friluftsområdet Peparen kl 13.

Mottaking kl. 15 er i hagen på Skånevik fjordhotell, Strondavegen 2695, 5593 Skånevik.

Middag er kl. 16 i etesalen med påfølgande dans med kaffi og kaker.

Baren stenger kl. 0130 og dørene kl.0200.  Men me er jo innomhus, om nokon ikkje er klare for senga.

Alle det passar for er velkomne til Skånevik frå fredag kveld, med uformell bli-kjent-kveld med pizza kl 19.

Svare på invitasjonen

Legg igjen di epostadresse og ditt mobiltelefonnummer på denne lenka: https://katheine1.webnode.com/registrering/

Dersom du veit om du ønskjer alkoholservering eller ikkje, eller har allergier eller diettar me ikkje veit veit om, så informer gjerne om det. Oppgi gjerne òg om du ønskjer me skal reservere overnatting for deg eller om du har ordna dette sjølv, og om du då kjem fredag eller laurdag.

Me mottek òg svar på epost: valvatna@gmail.com og kskjolingstad@yahoo.no, telefon: H: 92641492 og K: 92215199 og messenger.

Overnatting

Gi oss ein lyd om overnatting så sender me ei samlebestilling, eller ta fortløpande kontakt med Inger Karin Larsen på 537 70 700 for bestilling av rom. Hotellet er stengt for gjester ut april, men tek imot bookingar.

Prisen pr. person i dobbeltrom er kr. 600,- for ei natt. Om de vel å bu to netter er prisen kr. 500,-  pr. person pr. natt - inkl. frukostbuffet.

Prisen i enkeltrom er kr. 750,- pr. natt - om det vert to netter er prisen kr. 650,- pr. natt - inkl. frukostbuffet.

Spa-avdelinga vart dessverre sett under vatn og nedrivd i fjor, men om nokon ønskjer noko behandlingar så gi oss eller hotellet ein lyd, så blir det ordna med å få tak i terapeutar.

Meir informasjon finn de https://www.fjordhotellet.no/.

 

For dei som ønskjer å kome me bubil eller fritidsbåt og overnatte i Skånevik, er det godt mogleg på bobilcampen https://bobilplassen.no/skanevik-ebne-bubilparkering-hordaland/ rett borti gata og i gjestehamna i Skånevik sentrum.

Ønskjeliste

Først og fremst er me takksame for dykkar deltaking med reise og overnatting, og innslag og hjelp.

Så er pengar til fest og til oppussing av uthusa òg kjærkome.

Noko frå Formbar: https://www.formbar.no/shop  - lokal glaskunst frå Haugesund.

Noko frå Til Bords: https://www.tilbords.no/bryllup/vis-liste/?wishListId=58225

Noko frå Kitch´n: https://www.kitchn.no/onskeliste/110787

Andre tips: https://www.gavelisten.no/list/ENQNUVA/guest

  • Kunstverk

  • Kulturopplevelsar, kino, teater

  • Togreise med hotellovernatting

  • Turutstyr med planlagt tur inkludert

  • Fairtrademerka gåver

  • Noko heimelaga

  • Frukttre, søyleosp og stauder

  • Strikkegenserar i same serie

  • Felles hyttehelg

  • Drage sølvbestikk (nytt eller gamalt)

  • Espegård bålpanne 60 cm m/tilbehør

  • FuelBox samtalekort

  • Forskalingsblokker til garasjevegger


Og ikkje minst, kva med heller å gi eit bidrag til Leger uten grenser i dette skjemaet: https://legerutengrenser.no/stott-oss/gi-na? Velg då bryllaupsgåve som gåvetype og oppgi kven det er til og frå, så får me til slutt opp ei oversikt over totalsummen som er gitt. Eller bruk deira kontonummer 5005.06.36728, eller Vipps-nummer 2177. Både for overføring i nettbank og via Vipps er det viktig at innbetalinga vert merka med kven det er til (namn på brurepar), og kvem den er frå (namn på givar). Merking er nødvendig for at dei skal få med namn på givar i takkebrev til oss. I nettbanken nyttar ein meldingsfeltet istedenfor KID-nummer til å merke, mens i Vipps kan ein skrive det inn som ei melding rett under beløpet.










 

Covid-19/SARS-CoV-2

Korona, altså. Ikkje berre øl og jordbær som me skulle ha ønska denne dagen, men virus og uavklart smittesituasjon. Me må berre sjå an virusspreiinga framover og styresmaktene sine råd og tiltak etterkvart for mai og juni. Me avventar ny informasjon frå regjeringa onsdag 8.april. Håpar me då veit meir kva som skjer etter påske. Ei avgjerd på kansellering eller gjennomføring må iallfall takast innan 6. mai. Me planlegg vidare, men med realisme om at det kan bli ei enkel vigsel 6. juni og utsetjing av festen til seinare eingong ... Det viktigaste no er jo å følgje råda for å bryte smittekjeda. Om dagens råd om 2 m avstand vert oppretthalde for juni, så blir det jo ikkje mykje til fest. Me har oppretta ei hending der informasjon vil bli delt: https://www.facebook.com/events/190185015740302/?notif_t=plan_user_joined&notif_id=1584180281919511

Helsedirektoratet anbefaler (27.03.2020)

  • Det bør ikke være mer enn 5 personer samlet i gruppe. Dette gjelder ikke personer som lever sammen til vanlig.

  • Når man er sammen med andre bør man holde en fysisk avstand på minst 2 meter. Det gjelder ikke personer i samme husstand.


I lokaler hvor 2 meter avstand kan være vanskelig å overholde, men som bør holdes åpne (som butikker og apotek), bør man ha en avstand mellom personer på minst 1 meter.

Risikoen for smitte øker med tiden man er sammen og jo mindre avstanden mellom personer er.

Visevert(ar)

Kathrines gode veninner Ruth Synnøve Hausken, Ingebjørg Fossum og Åslaug Nyhamn har tatt på seg å dele på oppdraget som visevertar. For talar, musikkinnslag, leikar eller anna kan desse kontaktast på epost: syruth@hotmail.com, ingebjorg.fossum@icloud.com og aslaugnyhamn@gmail.com eller de finn dei på messenger. :-)

Ungar og barnepass

Så har fleire inviterte òg barn som treng pass denne helga. Me håpar de finn løysingar på dette med barnevakt heime, medbrakt barnevakt, at ein av dykk blir heime eller rullering på rommet etter leggetid, strekt til kl 20 for dei under 12 år. Me ber likevel om forståing for at me ikkje ønskjer for mange barn til middagen. Utgangspunktet der er våre eigne og deira søskenbarn + ammande barn. Ta kontakt om de er i tvil om korleis de skal løyse det. Aldersgrense 16 år etter kl 23.

Korleis kome seg til Skånevik?

Skånevik ligg i Etne kommune, med godt båtsamband til Stord og buss til Haugesund. De finn ruter for båt og buss her: https://reise.skyss.no/planner/travel-plans Ta gjerne rute 2080 med snøggbåten frå Leirvik til Skånevik fredagen kl 15:15 eller 18:05 (siste går 22:15). Turen tek 45-55 min. Laurdag går der dessverre ingen båt i tide. Då er det bil eller buss om Etne som gjeld. Retur sundag er òg lettvint med snøggbåt frå Skånevik til Leirvik kl 09:38, 11:28 og 15:30.

Parkering i Leirvik om ein kjem dit med bil, kan vere eit problem. Mot betaling er Amfi P-hus eit godt alternativ. Gratis alternativ er oppå taket av Turnhallen P-hus. Det er betalingsautomatar for parkering ved kjøpesenteret Bytunet og i underetasjen på Bachertunet (til venstre, under NAV/sjukeheimen). EL-bilar står førebels gratis desse to plassane. Tidsrom for avgiftsparkeringa på Bytunet og Bachertunet er som følgjer:

  • Måndag til fredag klokka 07.00 - 19.00

  • Laurdag klokka 07.00 - 17.00

  • Sundag gratis


For dei langvegsfarande austfrå er det fleire alternativ med tog til Bergen og vidare med snøggbåten til Skånevik, Haukeliekspressen til Etne og buss eller avtale henting der, eller fly til Stord eller Haugesund med avtalt henting for båt eller buss vidare.

Kan du bidra med noko?

Meld deg då gjerne! Noko til kakebordet? Barnepass fredag og laurdag? Videograf? Gåvekoordinator/ansvar for gåvebord? Igangsetjar/leikesjef? Tid til pynting av Peparen laurdag føremiddag? Pynting av etesal og festlokala fredag ettermiddag? Rydding dagen derpå? Aktivitet/leik/song/tale? Meld frå til visevertane, trulovarane eller brureparet.

Helsingar og spørsmål

Noko me har gløymt? Noko du lurer på? Har de eit musikkønske? Gi oss ein lyd! :-)