Logg inn for å se sidene
Me giftar oss!

Ingvild & Asgeir

11. juni 2022 • Fitjar Kyrkje
-657 dager igjen!

Dato for bryllaupsfesten vert laurdag 11.juni 2022!

Vigsel i Fitjar kyrkje kl 14:00.

Me ynskjer at alle er på plass til dette tidspunktet, og ynskjer difor at alle møter opp seinast ein halvtime før vigselen.

Etter kyrkja skal brudeparet ta bileter, då kan de gjere litt som de ynskjer sjølv. Det er mogleg å køyre rett til festlokalet om ein ynskjer det. Der vert det servert velkomstbobler.  Bryllaupsfesten vert i Stord Konferansesenter,  adressa er Fitjarvegen 355, 5410 Sagvåg. Brudeparet kjem om lag klokka 17:00 til lokalet. Me ynskjer difor at alle er til stades i konferansesenteret seinast ein halvtime før, til klokka 16:30. Når brudeparet kjem, blir det skål for brudeparet, og bryllaupskake. Det vert og arrangert litt fotografering ute eller inne, alt etter korleis veret er. Det er fine omgjevnader ute, både nede ved vatnet/grillhytta og oppe i bakken/stallen. Det er og ein fin leikeplass for dei små om det er nokre born som treng å springe litt. Då leikeplassen ligg ved eit vatn, er det viktig at det alltid er vaksne med å passar på. Det er og eit rom inne med leiker som born kan leike på/kvile litt ut over kvelden.

Middagen vert servert om lag kl 18:00. Det vert ein treretters meny valt av brudeparet, med tilhøyrande vin eller alkoholfri drikke/ mineralvatn. Om ein ynskjer anna drikke til middagen, er det berre å gi beskjed til servitørane.

Om de ynskjer å bidra med innslag, ta kontakt med Tom Wagtskjold på telefon 905 42 624, og mail tomwagt@gmail.com . Det er gode fasilitetar på teknikk, lyd og lys, og det vil vere ein eigen teknisk person som styrer dette. Alt av bidrag som treng skjerm/lyd må vere toastmaster i hende 3.juni, og vert tilpassa format og testa kvelden før av dei tilsette på huset. Alt av talar eller innslag skal meldast til toastmaster seinast 20.mai.

Lokala har gode fasilitetar på dei fleste områda, og godt med parkering utanfor for dei som tek med bilen. Me vhar leigd inn busstransport frå festlokalet til Leirvik sentrum/hotell etter festen. Bussen vil då gå kl 02:00 når dørene stenger. Den eine bussen går via Dåfjorden, og den andre går direkte til Leirvik. Bussen kan stoppe på vegen, men køyrer ikkje omvegar.

Søndag 12. juni kl 14:00 ynskjer me å invitere dei som ynskjer til ein uformell fest på Jensaneset, med Nyborg til kais. Me tenkjer å fyre i grillen, alle kan ta med grillmat og drikke dei ynskjer sjølv. Me har tilgang til innandørs lokal,  men me ser for oss å vere ute om det er vêr til det.

https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/fitjar-kyrkje/

http://stord-konferansesenter.no/

Me gler oss til å feire denne store dagen med nettopp dykk!

Program

Laurdag 11.juni 2022


13:30 - Oppmøte i Fitjar kyrkje


14:00 - Vigsel


15:00-17:00 - Brudeparet tar bilete med fotograf. Ein vel sjølv kva ein vil gjere, eventuelt


              køyre rett til festlokalet


15:30 - Velkomstbobler Stord konferansesenter


16:30 - Oppmøte på lokalet, ynskjer alle til stades før brudeparet kjem


17:00 - Brudeparet kjem til lokalet, skål for brudeparet og ete bryllaupskake m/kaffi


              helse på gjester og fotografering ute


18:00 - Middag


22:00 - Kaffi og kaker


23:00 - Dans og musikk


01:50 - Oppstilling ute - Send off brudeparet


02:00 - Slutt, busstransport heim (Dåfjorden og Leirvik)



 

Søndag 12.juni


14:00 Grilling og uformell fest på Jensaneset

Gåveynskjer

Mest av alt ynskjer me oss ei pengegåve!  Me har vore lenge saman, og har difor det meste me treng av småting og tang. Difor er det veldig kjekt med bidrag til litt større ting som bryllaupsreise eller kunst.

Kontonummer ein kan overføre til om ein ynskjer å gje ei pengegåve:  1224.36.26828

Me har og laga ynskjeliste på Christiania Glassmagasin, den inneheld i hovedsak deler av finserviset vårt som me manglar ein del til.  Det er berre å spørje etter ynskjelista til Ingvild Polden og Asgeir Larsen Andersen.

Deler og link til gåvelista:

https://bryllupsliste.cg.no/weddinglist/view/index/id/JPPkfi5at0fCOauYQyxOj1T9NuxpbJKQ/

I tillegg ynskjer me oss sølvbestikket Opphøyet Rose. Me har allereie nok kaffiskeier og ein pai/kakespade, men manglar dessertskeier, knivar, gaflar og skeier til middag.

 

 

 

 

Reise og overnatting

For dei som treng ein stad å overnatte, vil me foreslå Stord hotell. På grunn av anna arrangement, fekk me kun reservere 8 rom frå laurdag til søndag, og dei er kun reservert til 10.mars.

https://stord-hotell.no/





I tillegg til Stord hotell, har ein  Almås Hotell, og Sponavik Camping.


Almaas Hotell Stord – Sentralt i Leirvik, Stord (almaas-hotell.no)

Almaas Hotell Stord AS
Kjøtteinsvegen 60
Postboks 179
5402 Stord

Telefon og e-post:
+47 53 40 99 99 / post@almaas-hotell.no

For dei som kjem med fly, har me eigen flyplass på Stord. På www.stordflyet.no kan ein bestille fly frå Oslo til Stord. Ellers er næraste flyplass Haugesund som har ein del fleire avgangar å velje mellom.

Det er for tida Torghatten som opererer ferjesambandet mellom Sandvikvåg og Halhjem.

Unplugged wedding

Me oppfordrar dykk til å legge vekk mobilen under vigselen og vere til stades, og skape fine minner med oss på den store dagen.

Inne i kyrkja ynskjer me at mobilane er slått av, me gler oss til å møte dykk og ikkje mobiltelefonar opp kyrkjegulvet. Me har med oss fotograf som tek bilete, og tek vare på minnene for oss der. Utanfor kyrkja etter vigselen, og på festen er det kjekt om de ynskjer å ta bilete, som de gjerne kan dele med oss og kvarandre i etterkant.

Takk for at de er til stades i augneblinken med oss!

Matallergiar og matpreferansar

Me ynskjer at de gir beskjed så tidleg som mogleg, dersom de har matallergiar eller andre matpreferansar me skal ta omsyn til.

De kan gi beskjed via kontaktskjema eller telefon.

Takk for at de gir beskjed så tidleg som mogleg, til dømes med stadfestinga at de kjem i bryllaupet.

Snapchat-filter og biletdeling

Me har fått laga eit snapchat-filter som skal virke i og rundt festlokalet på ettermiddagen og kvelden.

Prøv gjerne filteret de og :)

Bileta de tek i bryllaupet ynskjer me gjerne at de deler med oss. Me vert veldig takksame om de sender bilete og videoar på mail til: ingvildpolden@yahoo.no

Ellers så har me ein flink bryllaupsfotograf som skal følge oss mesteparten av dagen, og me oppfordrar alle til å vere til stades og nyte dagen saman med oss.

Felles busstransport etter festen

Me har bestilt to bussar.

Den eine bussen går først til Dåfjorden, snur og køyrer til Leirvik sentrum

Den andre bussen køyrer rett til Leirvik.

Bussane kan stoppe på buss-stopp langs vegen, men køyrer ikkje utanom hovudvegen.

Bussen kjem til å gå kl 02:00, når lokala stenger.

 

Informasjon

Dresskode


Me ynskjer at de kjem fint kledd i kjole, dress eller bunad.

Søndagen vert det Casual. Ta med klede som passar til vêret, og til å vere ute i dersom det er bra vêr.


Forlovarar


Bruda sin forlovar er søster Camilla Polden.

Brudgom sin forlovar er Odd Martin Lauksund.


Toastmaster


Toastmaster er Tom Wagtskjold, han har telefonnummer 905 42 624, mailadresse tomwagt@gmail.com.  Alle talar/innslag må meldast til Tom innan 20.mai. Dersom du skal vise noko på skjerm, må dette sendast til Tom på mail seinast 3.juni. Maks taletid er 5 min, 5-10min om det er anna type innslag.

Kontaktskjema

Ta kontakt med oss her om de har spørsmål
, eller ring tlf: 48150685 (Ingvild) og 95121552 (Asgeir)