Malene & Øystein

08. juni 2019
Vereide kyrkje
Vi giftar oss!

Vårt bryllaup

Program:

12.00 Vielse i Vereide kyrkje

13.00  Fotografering. Først i lag med gjestar utanfor kyrkja og deretter eiga fotografering for brudeparet.

13.30  Mingling og snacks på hotellet for gjestar

15.00 Velkomst av brudeparet

15.30 Middag

19.30 Kaffigjestar kjem

20.30 Kaffi og kaker

22.30 Dans

Hjarteleg velkomne. Vi gledar oss! <3

- Malene & Øystein -

 

 

Tidsklemma!

Etter ein periode med flytting, nye jobbar, oppussing og ei lita frøken som vil ha oppmerksomhet, har det blitt lite tid til bryllupsplanlegging. Men no er vi i gong! Vi har starta på ei gåveliste som nokre har etterspurt. Den vil bli delt på denne sida når den er klar. Vi kjem også til å dele anna viktig og uviktig informasjon her, så følg med. Er det spørsmål må de berre sende ei melding eller ringe oss.

-  Malene & Øystein -

 

Gåveliste

Tida flyg når det er sol og fint vær, og det ser ut til å bli slik lenge! Godt det er påske no snart :)

Vi har endeleg greidd å lage til ei gåveliste. Mulig den ikkje er komplett endå, men det er i alle fall eit utgangspunkt:

https://www.gavelisten.no/list/XUSW5GP/guest

Forhåpentlegvis fungerer teknologien slik den skal og gåvelista fungerer, gi ein lyd viss ikkje :)

Eigen link til liste hos Tilbords: https://www.tilbords.no/bryllup/vis-liste/?wishListId=54611

 

Fine dagar

Dagane går, og huset består! I grunn ikkje verst det, med tanke på alt vi har reve ut og pussa opp igjen. Plenen blei til og med klipt i dag!Øystein forsøkte å hjelpe til i planlegginga, men det endte med neglelaggfjernar utover heile kjøkkengolvet. Gyllelukta forsvann heldigvis ei lita stund...

Sidan bryllupet skjer i pinsehelga vil folk flest ha fri på måndagen etter bryllupet. For dei som ønskjer det og dersom været tillet det, er huset vårt åpent og grillen skrudd på dagen derpå :)

Elles fine dagar på Sandane, Emilie kosar seg i sola og masar om "ball", "meir", "ute", "kake" og "bolle". Gjett om ho gledar seg til kakebordet i bryllupet! Synd at ho må i seng før den tid. Sjå elles nye bilder nedanfor. (Slit veldig med å få lagt til bilde til teksten her, håpar ein eller anna administrator for nettsida fangar opp kommentaren.) For dei som skal overnatte på campingen kan ein vel ikkje klage på utsikta der i frå.

Kjømeister: Dingen

Det var tidleg klart for oss kven som skulle vere kjømeister, og han takka heldigvis ja. Odd-Ingar er nok den som pratar mest i familieselskap, sjølv om han berre er inngift familie. Han kan mykje om alt og alle, er gift med søstra til Øystein, barnehagetante, flink til å synge og over middels glad i å sy/brodere.

Om nokon ønskjer å halde eit innslag eller liknande i bryllaupet er det fint om han får beskjed litt i forkant. Helst ei veke eller 2 før. Enten på tlf.: 90781792 eller på e-post: odd-ingar.brevik@enivest.net

 

Send oss en hilsen

Legg igjen din/deres epostadresse og få varsel på epost når/hvis brudeparet svarer på hilsningen deres