Vi gler oss veldig til å samle familie og vener til bryllaupsfeiring i Rugsund! ❤️
Vi har dessverre ikkje kapasitet til å ta imot overnattingsgjester heime hos oss, og anbefaler derfor alle som treng overnatting å vere tidleg ute med å bestille.
Mange vil truleg ordna overnatting hos slekt og venner, og det er heilt topp.
For dykk som treng annan overnatting, finst det fleire moglegheiter i nærleiken:
- Her er fleire Airbnb-alternativ i området
- Rugsund Handelssted – ca. 5 minutt køyretur
- Bremanger Fjordhotell (i Svelgen) – ca. 15 minutt køyretur
Ei praktisk løysing kan vere å gå saman fleire og leige eit hus for bryllaupshelga. Då kan de både bu saman og dele på kostnadane.
Bryllaupsfesten blir halden på:
📍 Sørsida 25, 6734 Rugsund
Eit lite tips frå oss: Ver tidleg ute! Juli er ein populær månad, så det kan vere lurt å sikre seg overnatting i god tid. ❤️