Logg inn for å se sidene
Me giftar oss

Elisabeth & Kristoffer

10. juli 2021 Stord kyrkje

Vår historie

Det heile starta for mange år sidan, i 2011, då mamma-Jane klarte å lure med Kristoffer i Røde Kors Hjelpekorps. Elisabeth var allerede medlem, og plutselig, på ei øving på Heio, dukka Kristoffer opp som nytt medlem. Det var ikkje kjærleik ved første blikk, som du kanskje hadde håpa på no.. Møtet var faktisk så lite minneverdig, at Kristoffer seinare den vinteren, ikkje klarte å hugse kven "Elisabeth fra Røde Kors" var, når me skulle på vintervakt på Lundarstøl.

Våren 2012 vart heldigvis kjemien og kjennskapet betre, og fra 11.september 2012 har det vert oss to.  Våren 2017 vart me sambuarar, først som leigetakarar og seinare samme år kjøpte me leilighet. Livet som sambuarar har fungert bra, og me trives godt i kvarandre sitt selskap. På burmaklippen i Trondheim 19.10.19, fridde Kristoffer. Han hadde kjøpt ringen dagen før hos ein gullsmed i Trondheim, med Øystein som hjelper. Det kan tenkjast at Kristoffer ikkje hadde noko idé om korleis frieriet skulle skje, før han plutselig sat på kne ute på klippen. Kristoffer fekk sitt ja, Elisabeth fekk sin nydelige ring, og endelig kunne planlegging av bryllup starte!

Me gler oss stort til denne dagen, og til framtida saman. Takk for at du vil ta del i vår store dag!

 

 

 

Bryllupet (litt info)

Me giftar oss 10.07.21, kl 15.30 i Stord kyrkje. Var ikkje det veldig sein vielse? tenker du kanskje no.. men, me skal ta fotograferinga før vielsen, slik at dei fine gjestene våre slepp å vente lenge på oss mellom vielsen og middagen.

Etter vielsen håpar me på ei fin stund utfor kyrkja, med litt fotografering og helsing, før alle gjestene køyrer ut til Stall-loftet på tyse, der bryllupsfesten skal vera. (Obs! Opprinnelig plan var samhald, dette vart endra 10.april til Stall-loftet!)

Fotograf Kristine Ottesen skal vera med oss heile denne tida fram til middagen, me ber derfor om at ditt fokus er i øyeblikket sammen med oss, og at Kristine tar seg av fotografering under og etter vielsen.

Siden me ikkje veit korleis Covid-19 situasjonen er i Juli, må me ta forbehold om behov for endringar knytt til antall gjester, og gjennomføringa av bryllupsfesten generelt. Dersom det blir nødvendig med endring vil me sende ut sms om dette i god tid før bryllupet. Me krysser fingrane! :-)

 

Ønskeliste

Etter over 8 år som kjærestar,  og snart 4 år som sambuarar, har me fått på plass mykje i skuffer og skap. For oss er det gåve i seg sjølv at du ønsker å dele dagen med oss!

Ønsker du likevel å gi ei gåve så har me oppretta ei ønskeliste hos Tilbords. Denne er tilgjengelig også i nettbutikk.

Me har kjøpt oss hus, som me overtar 20.juli, så då passer det også fint med gavekort eller pengegaver som me kan bruke på å gjere huset til "vårt" .

Me har oppretta eigen konto til pengegaver: 1225.40.12090.

Toastmaster og forlovarar

Elisabeth sine forlovarar:


Andrea Christensen og Emilie Strandenes


Andrea og Emilie er to stødige klipper i livet mitt. Emilie kom inn i bildet på ungdomsskulen og gjennom handball i Solid, og har heldigvis holdt ut med meg heilt sidan då. Andrea møtte eg på Fitjar vidaregående, og har spelt ei stor rolle fra første stund.  Begge har valgt å etablere seg her i området, tross for nokre år vekke på studier.

Dåke er gode som gull, og eg er veldig takknemlig for at dåke sa ja til å vera forlovarane mine! :)

 

Kristoffer sine forlovarar:


Øystein Barth Utbjoe og Martin Mehammer


Dagen hadde ikkje vert komplett uten mine to beste venner. Øystein blei ein del av livet mitt når eg oppdaget min interesse for dykking. Sammen har me utforsket havet både over og under vann, diverse fjelltopper, eit par byer og (etter fylte 18) øl-smakingens verden. Når det gjelder Martin er country musikk og bil felles nemnar for oss. Me har aldri skrudd på ein bil ilag, som sikkert er lika greit, men har nokon kilometer bak oss med "siging" og tyting menst country'en spelar i bakgrunnen.

Både Øystein og Martin har studert og jobba vekke i perioder, men har aldri vert meir enn ein telefon samtale vekke. Eg kan snakka med dei om kva som helst, og dei stiller alltid opp utan spørsmål. Takk for at dåke vil dela denna dagen med meg!


Toastmaster :


Ane Agdestein


Ane har også tilbrakt ein stor del av oppveksten under vatn, saman med Kristoffer og Øystein i Stord Undervannsklubb. Sidan Ane muligens er den mest inkluderande personen me kjenner er det ikkje heilt unaturlig at ho i stor grad er limen i vennegjengen. Ho er ei aktiv og engasjert dame med mange jern i ilden til ei kvar tid. Likevel har ho altså takka ja til å vera toastmaster på vår store dag, noko me er ubeskrivelig takknemmelig for!

Dersom du vil halde tale, bidra med underholdning, eller andre ting knytt til gjennomføring av bryllupsfesten, kan Ane kontaktast på telefon 45001858. Det er ønskelig at du gir beskjed så tidlig som mulig, og seinast 14 dager før.

 

 

Oppdatering 10.april

Kjære Bryllupsgjest!

Det er vanskelig å spå korleis sommaren blir, og med regjeringa sine trinn mot åpning av samfunnet ser me at me uansett ikkje får gjennomført bryllupsfesten slik me hadde håpa denne sommaren.

Me ønsker ikkje å utsette bryllupet, og må derfor tenke nytt, og mindre, når me no vel å gå for "plan B".

Det er spesielt gjestelista dette påvirker. Dette har vert eit vanskelig valg for oss, men me trur og håper det er forståelse for denne endringa.

"Plan B" ser slik ut:

  • Vielse som planlagt, i Stord kyrkje 10.juli kl 15.30. Her håper me at dei som ønsker det kan få komme å ta del i vielsen, men det vert naturligvis styrt av restriksjonane som gjeld då. Følg med på sida her for meir informasjon rundt vielsen når det nærmer seg.

  • Lokalet for festen vert bytta fra Samhald, til Stall-loftet på tyse.

  • Gjestelista vert redusert fra 65 inviterte, til 35 (her kan me potensielt måtte kutte ned til 20, avhengig av nasjonale/lokale føringar). Me sender ut sms til dei me dessverre må ta av gjestelista.


Me hadde sjølvsagt ønska at me kunne gjennomført den opprinnelige planen, men me velger å glede oss til vårt lille bryllup, og håper den nye planen gir ein kjekk og minnerik dag :)

 

Vielse

Slik det ligg an pr i dag ( 8.juni) kan me invitere fleire enn bryllupsgjestene våre til vielsen, hurra!

Så om det er nokon utover gjestene til bryllupsfesten som har lyst å få med seg vielsen 10.juli 15.30 i Stord kyrkje må dei melde seg på til Elisabeth (46963282) innan 1.juli då me må føre liste mtp smittesporing.

No nærmer det seg, og me gler oss veldig! :-)

 

 

Svarskjema

Her kan du svare på invitasjonen du har fått i posten. Gi oss gjerne beskjed om eventuelle matallergiar eller andre hensyn mtp maten, så skal me gjere vårt beste for å tilpasse slik at det er noko for alle :) Har du tips til oss i bryllupsplanlegginga tar me gjerne i mot dei óg!