Sidene lastes inn ...

Eirik & Synne

11. juni 2022
Lærdal

Vårt bryllaup

Velkomen til vår bryllaupsside!

Heile bryllaupet med vigsel, middag og fest, vil skje på garden på Ljøsne i Lærdal.

Adresse: Mosvegen 492, 6887 Lærdal

 

For dei som kjem tilreisande og skal bu på garden:

Det blir ein samling på kvelden på fredagen; grilling og noko leskande. Det vil ikkje bli så mykje opplegg denne dagen då me har mykje på gang men det er koseleg med ein liten samankomst. De tar med mat til grilling eller det dykk vil ete og drikke sjølv, så håpar me på fint ver!

Det blir utdelt ei lita velkomstkorg til alle på plassane de skal bu med litt frukostmat og drikke, men det er lurt å kjøpe med seg mat å ha i kjøleskapet i leilegheitane. Det er butikk 2 min med bil frå garden.

 

Laurdag:

På laurdag er det bryllaup! Tjohei!

Kleskoden for bryllaupet er dress/sumardress og kjole/sumarkjole, det er også heilt fint om de vil ha på bunad. Sidan dette er eit gardsbryllaup og me ikkje kan bestemme været på førehand så må alle kle seg etter været. Me vil også gi beskjed om at det kan vere lurt å ha med gode sko sidan me håpar å kunne ha seremonien ute, det er grusveg og mykje jord og gras. Nokon må også gå litt til der dei skal bu, og bør ha gode sko med. Det vil bli mogeleg  å skifte mellom middag og kaker/fest om ynskjeleg.

For dei som ynskjer å gi oss ei bryllaupsgåve, set me pris på eit bidrag til bryllaupsreisa vår som skal skje i haust

Vipps: 91127686 eller 47624120

Kontonummer: 3838.68.66837

Det vil også vere gåvebord for dei som ynskjer å gi andre gåver/kort.

 

Søndag:

På søndag vil det bli frukost kvar for oss då me har lyst å ha ein litt roleg morgon etter bryllaupet. Men det blir satt ut kaker og kaffe oppe i tunet etter kvart for dei som blir igjen ei lita stund. Ynskjer du å bli lenger enn søndag så gi oss gjerne ein beskjed!

Vielse og Middag

Det bli nøytral seremoni her på garden, med ordfører Audun Mo som vigslar. Me håpar å kunne vere ute, men hvis det ikkje let seg gjere vil det skje i teltet.

Middagen vil bestå av forrett og hovedrett. Alt er lagt tilrette for allergiar, og fylgjer lavfodmap. Så alt vil vere laktosefritt, glutenfritt osv. Er det noko spesifikt du vil at me skal ta hensyn til, så gjerne gi oss beskjed om dette.

Me vil informere om at me allereie har satt plan for kven som skal holde taler under middagen, og ynskjer å holde oss til desse. Men det vil bli mogelegheit for andre å sei noko eller stelle i stand aktivitetar under kakene, men dette må avtalast med Mari (Eirik si syster) på førehand. Hennar tlf.nr er 90534686.

 

Kaffi og Fest

Det vil bli kakebord, med kaffe og godis.

Her vil det bli mogelegheit for å sei nokon ord for dei som ynskjer det, og ikkje fikk gjere det under middagen. (sjå meir info under middagsfana)

Det vil bli livemusikk på kvelden, med stor dansefaktor.

Me vil gjere dykk obs på at alle må ta med det de vil drikke til festen sjølv, me har sjølvsagt kjøpt inn litt alkohol, men det vil ikkje bli åpen bar. Det er også alkoholfrie alternativ for dei som ynskjer det.

Det vil bli servert nattmat litt utpå kvisten for alle danseløvene som treng litt bensin.

 

Overnatting

Alle som kjem tilreisande og ynskjer det vil bli fordelt rundt i ulike hus på garden. Me skal prøve å gjere dette mest mogeleg behageleg og praktisk for alle. Det er ellers mogeleg å bu på hotell på Lærdalsøyri, som ligg 15 min unna garden med bil. Dette vil ikkje bli organisert av oss, og om ein ynskjer dette må ein sjølv ta kontakt med hotell.

Me har ikkje mogelegheit til å ha sengetøy, handduk osv til alle. Så her kjem ei liste over kva alle må ha med seg der dei skal bu:

Fiskehytte: Geogjeng

Må ha med laken til 90 seng, sengeklede og handduk

Sesongbolig: Venner av Synne fra Stavanger

Må ha med laken til 90 senger, sengeklede og handduk. Om det er nokon som må ta med andre ting, får dei beskjed om dette.

Onklar og tanter får beskjed om kva dei skal ha med seg av Eli og Olaug.

 

Program


  • Seremonien byrjar kl. 13.00, fint om dei som vil delta på seremonien kjem i god tid.

  • Fotografering kl. 13.30-14.30

  • Middag kl. 15.00 - 18.00

  • Kaker og kaffi kl. 19.00, kaffigjester kan gjerne komme frå 18.30

  • Bandet byrjar å spele ca kl. 21.00

  • Nattmat kl.01.00

Send oss en hilsen

Legg igjen din/deres epostadresse og få varsel på epost når/hvis brudeparet svarer på hilsningen deres