Kle deg så pent du følar for. Brudeparet startar feiringa i dress med slips og enkel, kvit kjole.
Det vil vera fri
bar, med litt å velja i både med og utan alkohol. Me ber om at folk avstår frå brennevin før kakene. Det er høve for å nyta medbragt for dei som ynskjer det.
Spotify-liste der du kan leggja til dine
musikkynskjer:
Forslagsliste
Me har bedt nokre dyktige
amatørfotografar blant gjestene om å sørga for at både sermoni og fest blir godt dokumentert. Derfor håper me at resten av dokker let telefonen bli liggjande i lommen mesteparten av kvelden. Ikkje del bilete eller video utan at alle som er synlege der har samtykka til det.
Vy feirar bryllaupet med
buss for tog mellom Gardermoen og Hamar til og med fredagen, så det er lurt å rekna litt ekstra tid til reisa om du kjem den vegen.
Det tek ca 10 minutt med bil frå Hamar sentrum til Høyvang. Det er
drosje-haldeplass ved jernbanestasjonen. For bestilling:
https://www.taxi03650.no/
Adressa til lokalet er Høyvangvegen 95, 2322 Ridabu. Det er rikeleg med parkeringsplassar utanfor.
Me har
booka rom til oss på Thon Partner Hotel Victoria Hamar. Scandic i Vangsvegen og Clarion Astoria ligger òg i gangavstand til stasjonen og sentrum.