Sidene lastes inn ...
Vi gifter oss!

Kristian & Anne-Grethe

24. august 2024 • Nes Kyrkje
89 dager igjen!

Vårt bryllaup



Kjære familie og vener!


På denne sida vil dykk finne informasjon kring bryllaupet vårt som skjer på Nes Gard i Luster 24. august 2024. Vi gler oss innmari til denne store dagen, og ser fram til å dele den med gjester i verdensklasse! Meir detaljert program for bryllaupshelga 23.-25. august kjem på denne nettsida etter kvart. Her er foreløpig plan:

 

Fredag:

Vi ønskjer gjerne at dei som har anledning kjem til Nes Gard fredag 23.august. Då vert det ein uformell samankomst i området til garden nede langs Sognefjorden. Her er det eit naust, badstue og badestamp som kan nyttast. Det vert høve til å kjøpe mat og drikke frå Nes Gard.

Laurdag:

08.30-10.30: Frokostbuffet på Nes Gard for dei som har overnatta der frå fredag.

13.00: Vigsel i Nes Kyrkje som ligg inne på området til Nes Gard. Det vil vera fotograf til stades, så vi ønskjer gjerne at gjestane legg vekk mobilen i kyrkja. Ta gjerne masse bilete resten av dagen og del dei med oss, det vert vi veldig glade for.

14.00-17.00: Etter vigsla samlar gjestene seg til velkomstdrink og smårettar på Nes Gard.

17.00: Middag i låven, etterfulgt av fest.

Søndag:

08.30-10.30: Frukostbuffet for dei som har overnatta på Nes Gard.

11.00: Utsjekk for gjester på Nes Gard.



 

Om du tilbringer heile helga i Luster, anbefaler vi å bruke fritid til å utforske dei flotte omgivnadane kring Nes Gard. Det er blant anna eit flust av fjellturar som gir fantastisk utsikt mot Sognefjorden - eit must å oppleve om du er i området!! Spør oss gjerne om tips.

 

Overnatting

Vi håpar flest mogleg vil dele heile helga med oss. Vi organiserer overnatting på to ulike stader i nærområdet til bryllaupet: på sjølve Nes Gard og på Viki Fjordcamping.


Nes Gard
Bryllaupet held til på sjarmerande Nes Gard. Prisane på overnatting varierer, men ligg i gjennomsnitt rundt 2000,- per rom per natt. Det er eit avgrensa tal rom for gjester her, så det vert truleg ikkje plass til alle. Nes Gard set som ein føresetnad at ein overnattar heile helga (fredag til søndag).
Nettside: nesgard.no


Viki Fjordcamping
Viki Fjordcamping ligg 2 km frå Nes Gard. Her kan de velje mellom hytter som passar for 2-6 personar, med prisar i intervallet 800-1400,- per natt. Her står ein fritt til å velge tal netter. Vi planlegg å ordne transport mellom Viki Fjordcamping og Nes Gard.
Nettside: vikicamping.no


Korleis booke overnatting
Alle rom og hytter er reservert av oss. Gi oss tilbakemelding om du ønskjer overnatting. Skriv kvar du vil overnatte, med kven og kor mange netter. Vi gjer vårt beste til å få det til å gå opp, så høyrer dykk frå oss når vi har fordelt.
VIKTIG at vi får tilbakemelding om dette innan svarfrist 01.02.2024.



 

Gåveønskjer

Vi kjem tilbake med gåveønskjer etterkvart, men det er sjølvsagt ei STOR gåve i seg sjølv at familie og vener samlast for å feire at vi gifter oss. 

 

Kontaktinfo

Kontaktinfo


Adresse: Nes Gard, 6875 Høyheimsvik i Luster.

Kontaktinformasjon:

Anne-Grethe: 993 69 432

Kristian: 482 61 120

Toastmaster Tuva Kvåle: 971 17 461

S.U: 01.02.2024

Send oss en hilsen

Legg igjen din/deres epostadresse og få varsel på epost når/hvis brudeparet svarer på hilsningen deres