Me giftar oss!

Tonje & Lars

28. mars 2026 • Nærbø gamle kyrkje & Byrkjedalstunet
343 dager igjen!

Historia om oss

16.mars i 2019. 


Lars og Tonje sitt på kver sin haug å scrollar på Tinder. Lars har tenkt at det kan vera greit å sleppe å leve aleine resten av livet, Tonje har gitt opp menn, men scrollar av vane likevel. Takk å pris for at Lars hadde kjøpt seg Tinder pluss - ellers hadde ikkje denne historia vorte skriven. (Historia om at han fortsette å betale på Tinder pluss så lenge som 6mnd inn i samboerskapet får de kanskje i bryllupstalen...)


Han i Nordsjøen, ho på Nærbø.


Lars sveipar høgre fordi arbeidskombinasjonen "Lærervikar & Bartender" var spennande, Tonje sveipar høgre fordi han har eit bilete i uniform.


28.mars 2019. 


Lars sett seg i bilen heima på Rennesøy - med Fjellreven buksa på, klar for å reise heile veien ut te Nærbø for å hilse på Tonje, lærervikar og bartender. Tonje går ut av leiligheten å litt borti veien, i tilfelle han i uniform ikkje va heilt normal (det var han ikkje heller, meir om det i bryllupstalen...).


Første date var ein tur frå Hå gamle Prestegård via kongevegen til Obrestad hamn. Der blei det klart at begge to hadde snakketøyet i orden, og allereie då blei bryllup, born, bustad og viktige verdier snakka om. Dei var tross alt 25 +, så ingen vits i å sløse vekk tida! Dagen etter sette Lars seg igjen i bilen for å kjøyre ut til Nærbø, å date nummer to vara i 10 timar. Resten er historie!


1.mars 2020. 


Endeleg sambuarar! Det blei 11 fine dagar før Covid19 gav oss den største styrketesten ein kunne få som ferske sambuarar. Det gjekk godt - å no kan me tilogmed sjå tilbake på eit å anne koseleg minne frå tida i lockdown!


Sidan den gong har Tonje hinta, spurt, mast, trua å nesten trygla om å få ein RING!! Stor takk til alle som bidrog i å legge press på Lars på ulike vis, me klarte det til slutt!


 

2020 - 2021


Som ferske sambuarar leigde me ein liten og trong leilighet på Tjelta, her har me fine minner - men det beste var nok dagen me endeleg lukka døra for siste gong for å flytte inn i vår fyrste felles heim. Vardestien på Sola fekk ei rask og effektiv oppussing (stort sett av Tonje medan Lars var på arbeid i Nordsjøen for å finansiere det heile..). Det var likevel ikkje den største omveltninga i 2021, for 2.juli lyste to strekar på ein pinne (ikkje Covid pinnen heldigvis) og no var det baby på veg! Ein rask klem i forbifarten vart feiringa, og resten av året forsvant i ei herlig sky av hormonar og kaos (Spesielt Lars var glad for hormonane)! 


2022 - 2023


I februar kom Jesper, Troy & Hedda vart storesysken og resten av 2022 gjekk med til å sove når Jesper sov (ca 1,5t i døgnet i snitt). Det vart og bestemt at me skulle flytte heim (for Tonje) til Nærbø, og i juni 22 flytta me inn i Roskhadle. Så nå hadde me ikkje berre baby som ikkje sov, men flyttekaos i tillegg! Me fekk erfare at sjølv om me begge vil gjer alt på ei gong så må me sette bremsene på for å ikkje gå opp i røyk når me fyk rundt på alt heile tida. Sosialt liv uteblei til fordel for å sove når Jesper sov, sjekke at dei to store ungane overlevde å sist men ikkje minst halde hovudet over vatn. Difor tok me pause i 2023 for å lade opp.. haha - det trudde du ikkje på du heller, gjorde du vel?!


Nokså nøyaktig 1år etter at Jesper blei fødd, lyste det nok ein gong to strekar på ein pinne!  Så der gjekk 2023 med til eit enda verre hormonsamansurium med ein over snittet aktiv 1åring, og i november kom endeleg familiens siste (ja, definitivt aller aller siste) tilskudd - Jenny. Å sånn gjekk det.. at tri år fauk forbi.


  Ja, forresten - me fekk jo hund i september 22 og, Lilly. Ein 20kilos pelsdott med energien til et brett med Redbull og minst like rar som resten av familien.  Me kaller oss ikkje Villakaos for ingenting heller. 


25.februar 2024.


Ein forbaska dag! Begge var slitne, to under to får ikkje alltid livsgnisten til å sprute for å sei det slik! Tonje var sur på Lars for noko som ho ikkje hugsar lenger, for det var ikkje viktig. Lars var bare utslitt å hadde sjølvsagt ingen ide om kvifor Tonje var sur. Me har kalla oss sjølv for Villakaos, å det er over snittet dekkande. Kvelden kjem, å Lars skal bestemt vise noko på TV. Ein fin video og eit spørsmål! Ein boks med ein ring - akkurat ein slik Tonje hadde ynskja seg. Svaret blei "Endeleg! Eg var klar til å fri sjølv på skuddårsdagen". 


 

28.mars 2026. 


Endelig bryllup! På denne sida finne de all informasjon de treng og ikkje treng fram mot sjølve feiringa! Lars synes det er litt voldsomt av meg - men alle som kjenner meg tenkte "Tyypisk Tonje" når dei las at me hadde eiga bryllupsnettside på invitasjonen! Å dei hadde rett - no kosar eg meg! Å det håper eg de alle kjem til å gjer på den store dagen vår! 


 


Tonje & Lars


 

 

 

 

Ynskjeliste

Som dei fleste veit har me eit stort prosjekt med oppussing av hus, difor har me valgt å ynskje oss bidrag til nettopp dette!


Gåve kan gies gjennom


Stas - Lars & Tonje 28.03.26.


Her samles alle pengegåver og overføres felles til konto etter bryllupet, det er mogleg å skrive helsingar og det vert registrert kven gåvene er frå.


(NB! Eit symbolsk gebyr vert lagd på for å dekke leverandørutgift).



 


Tonje & Lars

Overnatting og transport

Overnatting


Det er mogleg å bestille overnatting på Byrkjedalstunet til fine prisar, det kan bestilles gjennom oss eller direkte på post@byrkjedalstunet.no.


Priser: 1.person: 1495,- / 2.personar: 1695,- ekstra person 500,- pr.stk i samme rom. (priser for 2024, oppdateres)


 

Transport


Me bestiller maxitaxi frå Jærbussene, på forespørsel frå dykk. Fint med beskjed om du/de vil ha transport heim i løpet av kvelden.


Pris pr.pers kjem.


 

Svar på invitasjon

Her kan de sende inn svar på invitasjon - enkelt for dykk og enkelt for oss!

Kommer du?
This field is hidden when viewing the form
Skriv e-post du ønsker bekreftelse til og som brudepar kan kontakte deg på.