Krabbefest på Gunn's Pub
Viktigaste informasjon - fredag:
- Bussane går fra Dale busstasjon 17:00 og 17:15. Den eine bussen vil stoppe ved busstoppet i Flekke omkring 17:15.
- Middag i Korssund: Fiskesuppe, krabbe og kreps med tilbehør. Vi har ein grill tilgjengelig for dei som ikkje vil ha skalldyr.
- Ta med det du måtte ynskje av drikke. Vi stiller med velkomstdrink og øl på tapp i baren.
- Bussane køyrer tilbake til Dale / Flekke 23:00.
- Antrekk: Sommarleg, men sjekk temperaturen då det fort kan bli kaldt.

Då mamma til Margrethe (Gunn-Kari) fylte 50 år fiksa familien Skår ei sjøbu til eit festlokale for å feire jubilanten og bygde bar som fekk navnet "Gunn's Pub". I ettertid har Gunn's Pub vore eit viktig samlingspunkt når familien har feira små og store hendingar. Her har vi feira alt frå Margrethe sin russefest, til årlege sommarfesta, 40-årsdaga og dåpsfesta.
Vi ynskjer å invitere våre bryllupsgjestar til samling i Korssund fredag 01.august.
Her vil vi servere det beste vi meinar sjøen har å by på og det vil bli servert ein velkomstdrink. Ta gjerne med det du måtte ynskje av drikke.
Det blir satt opp buss frå Dale til Korssund, og retur tilbake til Dale.
Antrekk: Varm, sommerslig og komfortabel. Det er viktig å ha med seg nok klede då det fort kan bli kaldt. Det er heller ikkje tilrettelagt for høghæla sko :)
Gunn's Pub er på den røde sjøbua. Vi håper på same vêr som på bilde! :)