Sidene lastes inn ...
Logg inn for å se sidene

Silje & Elias

12. July 2025 • Haukedalen
13 dager igjen!

Vårt bryllaup

Velkommen til vårt bryllaup! Vi gler oss til å feire saman. På denne sida finn du informasjon om bryllaupet. Vi oppdaterer med fleire detaljar etter kvart som det nærmar seg, så hald eit auge med nettsida. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurer på noko som du ikkje finn svar på her. Send oss gjerne ei melding via kontaktskjemaet på denne sida eller e-post til silje.elias.bryllup@gmail.com.


Program

Vi har gleda av å invitere til bryllaupsfeiring over to dagar i vakre Sunnfjord!
Her vil det kome meir detaljert informasjon etter kvart som det nærmar seg.


Laurdag 12. juli


Vigsle finn stad i Haukedalen kyrkje kl. 12.
Deretter blir det middag på Rørvikfloten.


Kleskode: Mørk dress


Sundag 13. juli


Sundag ettermiddag inviterer vi til hageselskap på
Rørvikfloten, etterfølgt av bryllaupsfest om kvelden.


Kleskode: Pent antrekk


 

Tilkomst

Bryllaupet blir arrangert på Rørvikfloten med vigsle like ved i Haukedalen kyrkje. Adressa til lokalet er Rørvikfloten, Haukedalsvegen 1, 6818 Haukedalen. Rørvikfloten ligg i Sunnfjord kommune, omtrent 30 km frå næraste by, Førde.


Vi anbefaler gjestar som kjem langvegs frå å køyre bil til Førde dersom man har moglegheit til det. For dei utan bil, er det mogeleg å ta buss til Førde rutebilstasjon. Widerøe flyr frå Oslo til Førde lufthamn, og det går flybuss derfrå til Førde.


For gjestar som overnattar i Førde, vil det bli arrangert transport til og frå lokalet begge dagar for dei som ønsker dette. Det er også godt med parkeringsplassar ved lokalet for dei som køyrer sjølv.


 



 

Overnatting

Ettersom bryllaupet finn stad midt i turistsesongen, anbefaler vi å vere tidleg ute med å booke overnatting.
Dersom du skal vere med både 12. og 13. juli, anbefaler vi å bestille overnatting til og med 14. juli. Under finn
du nokre alternativ til overnatting i Førde. Elles finst det sjølvsagt også AirBnB både i Førde og nærområdet.


Overnatting i Førde:
Thon Partner Hotel Førde
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Førde gjestehus og camping


Om

Rørvikfloten var eit naturleg val når vi skulle bestemme staden for bryllaupet.
Dette er plassen kor Silje sine besteforeldre budde, dreiv butikk og hadde gard. Her har Silje
opphaldt seg i mykje av sin barndom, og i seinare år har vi som par hatt fleire fine feriar her.
I dag er butikken omgjort til eit serveringslokale, og vi ser fram til å feire i saman her.


Rørvikfloten ligg ved inngangen til Haukedalen og ved oppstigninga til Rørvikfjellet, langs nasjonal turistveg Gaularfjellet. Området byr på mange fine naturopplevingar som vi oppfordrar gjestane til å oppsøke. Kanskje fristar det med ein utflukt før hageselskapet på sundag?


Her er nokre tips til aktivitetar for dei som ønskjer:
- Utsikten på Gaularfjellet
- Bading og fiske i Haukedalsvatnet
- Fjellturar som Rundenova, Venevassegga og Rimmane
- Gamlevegen over Rørvikfjellet
- Sunnfjord Museum i Movika
- Astruptunet
- Fossestien


 

Ønskeliste

Ved å kome i bryllaupet gjev du oss allereie den finaste gåva vi kan få. Dersom du skulle ønske å gje noko meir, har vi laga ei ønskeliste hos Tilbords. Pengegåver er også hjarteleg velkomne, og vil gå til ei fin bryllaupsreise.
Eventuelle overføringar kan gå til bankkonto 3705 34 63380, eller via Vipps til 48 24 90 11.


Kontakt

 

Om du ønskjer å bidra med tale kan du ta kontakt med toastmaster Magnus Skeie på telefon: 97 40 57 17


Svar på invitasjonen

Vi gler oss til å feire i saman! Svar innan 1. juni om du har høve til å vere med, og i så fall kva for nokre dagar. Oppgje gjerne også om de har nokre allergiar e.l. vi skal ta omsyn til.

Kommer du?
This field is hidden when viewing the form
Skriv e-post du ønsker bekreftelse til og som brudepar kan kontakte deg på.