Vi giftar oss!

Kristine & Anders

26. July 2025 • Idahall kulturhus
14 dager igjen!

Vårt bryllaup

Overnatting

Programmet torsdag foregår i Åndalsnes, fredag og laurdag i Tomrefjord i Vestnes kommune.

Det er mest praktisk å bu i Vestnes sentrum eller Tomrefjord. Vestnes har flest butikkar, vinmonopol, kjøpesenter, apotek m.m. Det er der Fjordhotellet ligg. (Molde ca. 45 min. unna, Ålesund rundt 55 min. unna. Bruk Google maps.)

I Vestnes er det fleire alternativ for overnatting:

  1. Vestnes fjordhotell, the one and only, reservert for våre gjestar frå torsdag til søndag. Dei stiller med god frukost, fjordutsikt og gangavstand til Vestnes kyrkje. Det er bar og restaurant der. Det er ekstra rimelege enkeltrom i eit tilbygg, og vi har rabattar heile helga. (Sjå prisliste under.) Bestilling: + 47 71 18 89 99 eller post@vfhotell.no

  2. Vestheim leirstad: Tre koslege og fine campinghytter, med 8 senger, tre rom og eige kjøkken i kvar hytte. I gåavstand frå Vestnes sentrum og kyrkja. Idyllisk og fint. Pris: 600 kr per person per natt. Sjekk ut på https://www.vestheimungdomssenter.no/overnatting (sjå nedst)

  3. AirBnB: Vestnes er som kjend ein metropol. Det er fleire hus, hytter, naust og anna artig å finne på AirBnB.


Prisar for Vestnes fjordhotell:
Prisar for dei som bur 3 netter pr. natt:
Dobbeltrom 1750,-
Enkeltrom 1550,-

Prisar for dei som bur 1 eller 2 netter pr. natt:
Dobbeltrom 1850,-
Enkeltrom 1650,-


I tillegg er det 10 ekstra rimelige enkeltrom i tilbygget, med litt enklare standard: 
Enkeltrom 850,-

Alle prisar inkluderer frukost og er redusert iht. høgsesongprisane for øvrig.

Campinghytter på Vestheim leirstad:
Pris: 600,- per pers per natt.

Sengetøy og handklær kan leigast ut for 200 kr pr. pers. Sjekk nettsidene for vilkår og vilkår, samt avbestillingsreglar: vestheimungdomssenter.no . Reservere ved å sende e-post til vestheim@nlm.no.

Obs: Pga. ferieavvikling er det best om bestillingar til campingen skjer før 23.juni.

Torsdag 24.juli: Fjelltur

Kva skjer? Tur/fjelltur i Noregs finaste turterreng!

I Åndalsnes møtast vi på Eggen restaurant kl 17. Her kan du få skikkeleg fine bilete på Rampestreken, og ein god matbit med 360 graders utsikt. Her er menyen.

Antrekk: Kom som du går!

Dei ulike vegane som kan ta deg til Eggen restaurant er:

1 - Romsdalseggen (Ein av landets flottaste, tek ca. 5-8 timar. Sjå info under.)
2 - Nesaksla via Rampestreken (Gå frå Åndalsnes sentrum. 1-2 timar, lett, men bratt, svært bra utsikt, delvis sherpatrapper.)
3 - Via Ferrata (Luftig klatring, ikkje for Anders)
4 – Gondol - rett opp og ned. (vi får rabatt, men kostar litt.)

Restauranten anbefalar folk som ikkje har vore der før om å gå opp og ta gondolen ned.

ULIKE ALTERNATIV:

Rute 1: Romsdalseggen (5–8 timer)
Det blir fellestur over Romsdalseggen. Det er ein av landets vakraste, men også litt krevjande. Bli med om du føler deg klar for det! Det går buss frå Åndalsnes sentrum kl. 9.30 0g kl. 10.
Fra utgangspunktet på parkeringsplassen i Vengedalen tar denne turen deg over Romsdalseggen i syv til åtte timer. Ruten er 10,3 kilometer lang med en stigning på 970 meter. Du må være i god fysisk form før du legger ut på dette vakre eventyret. Barn kan ha problemer med å fullføre hele turen, og hvis du går med en hund, må du være forberedt på å hjelpe den over de bratteste partiene. Stien er godt merket. Du får kart og turbeskrivelse på bussen som går fra Åndalsnes til Vengedalen.

Les meir: https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/fottur-til-romsdalseggen/
Ruteskildring frå ut.no: https://ut.no/turforslag/115028/romsdalseggen 
Turtips frå DnT: https://www.dnt.no/turtips/anbefalte-turer/turtips-til-romsdalseggen/

Rute 2: Nesaksla via Rampestreken (ca. 1-2 timer)
Ta ein flott fottur til Åndalsnes sitt byfjell. Har får du panoramautsikt over Romsdalen og Tindehovudstaden, og du går via Rampestreken - det beste Insta-punktet i sommar? Les meir.
Turen til Nesaksla starter i Åndalsnes sentrum. Allerede fra begynnelsen er det en jevnt bratt oppstigning og små høydepunkter dukker opp underveis. Her får du en praktfull utsikt på turen opp, og i alle himmelretninger fra toppen som ligger 708 meter over havet. På veien opp passerer du også det luftige utsiktspunktet Rampestreken. Dette er et yndet motiv på Instagram, og i høysesong kan du møte kø for å komme utpå utsiktspunktet.

Rute 3: Via Ferrata i Åndalsnes
Klartring i ulike vanskelegheitsgradar. Ikkje for Anders eller den med høgdeskrekk. Utstyr kan leigast på Tindesenteret. Bestill og les meir her.

Rute 4: Gondol
Det går gondol mellom restauranten og tindesenteret i Åndalsnes sentrum. Vi anbefalar å ta denne minst éin veg! (merk: Rabattkode for alle i bryllaupet: FJELLTOPPERSKVELD. Kjøp når du er der.)

Har du spørsmål? Kontakt oss!

Fredag 25.juli: Grilling i fjøra

Kva skjer? Grillfest i Bårdsnesosen i Tomrefjord.

Ta med: Din prefererte grillmat, drikke.

Vi fyrer opp grillen, og gjer klart for storinnrykk i Bårdsnesosen frå kl 17. Det er ein flott paviljong, WC, kjøkken, ei lita scene og grillar der. Vi satsar på bra vér og god stemning!

Vi stiller med et utval grilltilbehør, kaffi, serveringsgreier; fat, knivar, koppar og kar, og så kan alle sjølv ta med det ein vil grille og drikke på. Ein skikkeleg fjørefest!

Antrekk: Sommarleg, hattar og hawaiiskjorter? Det kan bli kaldt utover kvelden, så ta med litt varme klede. Vil du bade, er det fritt fram! Dette er ein mykje brukt badeplass.

Underhaldning: Vi inviterer alle som vil til å bidra med underhaldning - anten det er ein spontan tale, ein sang, eit trylletriks, ei røvarhistorie eller ein vits. Her er det berre å finne fram gamle kunstar og varme opp stemma.

Brudgommens fjøreband skal spele opp til allsang!

Laurdag 26.juli: Bryllaupsfest!

Dette er den store dagen!

Kleskode: Dress / kjole /bunad.

Vi oppmodar til å bruke fargar - på skjorte, dress, kjole eller tilbehør! 

Det er fint å ha klede du kan bevege deg i - vi håpar å danse oss inn i natta.

PROGRAM:

  • Kl.14: Viing i Vestnes kyrkje.

  • Kl.16: Oppmøte for bryllaupsfest i på Idahall Kulturhus i Tomrefjord.
    Mingling, spekemat og noko godt i glaset.

  • kl.18: Middag.


Og så går det slag-i-slag!

Aktuelle lenkjer

Eggen restaurant (middag torsdag): https://www.eggenrestaurant.no/

Vestnes fjordhotell: https://www.vestnes-fjordhotell.no/

Vestheim leirstad (campinghytter): https://www.vestheimungdomssenter.no/

Bårdsnesosen i Tomrefjord: https://maps.app.goo.gl/rLrPRrZ7G3aXVKwt5

Vestnes kyrkje (for seremonien laurdag): https://no.wikipedia.org/wiki/Vestnes_kirke

Idahall kulturhus (for festen laurdag): https://www.idahall.no/om-kulturhuset

Svar på invitasjonen

Vi ber om at du under valgfri beskjed/hilsen/info opplyser om:

- Eventuelle allergier

- Telefonnummer vi kan kontakte deg på

- Hvilke dager du/dere deltar på.



Vi gleder oss til å høre fra deg!

Kommer du?
This field is hidden when viewing the form
Skriv e-post du ønsker bekreftelse til og som brudepar kan kontakte deg på.