Me falt pladask for denne plassen i fjor når bror til Hanne gifta seg her. Då me hadde fått avklart at me ikkje hermet etter minstebroren, var me raske med å bestilla denne plassen til bryllupet vårt. Dette var vist akkurat det brura har leita etter av lokasjon dei siste 10 åra.
Hardingasete er ein idyllisk plass i Tørvikbygd i Hardanger, 45 min kjøring frå Gjermundshavn eller 10 min frå Tørvikbygd om ein tek ferja frå Jondal.
Hardingasete er satt saman av 20 vestlandshus i ulike størrelser, og er alle opphavelig fra 1600 til 1870. Husa/hyttene er restaurerte i gamal stil og byggeteknikk, og samtlige er utrustet med bad og toalett. Husa/hyttene har ulike størrelser kor alle gjestene innlosjeres i ulike rom/hytter. Det er to større hus med sengeplass til mange og 9 mindre hytter med 1-2 soverom. Dei små hyttene har og eigne kjøkenkrokar.
Det er moglegheit for både badestamp, badstove eller eit forfriskende bad i fjorden; så ta med badekler om du ønsker.
Alle sengene er oppredd og handklede er der. Dersom du vil bada eller ta badstova så kan det vere lurt å ha med eit ekstra handklede.
Vi håper alle har mulighet for å overnatte og får oppleve denne flotte plassen.
Ta gjerne ein sjekk på heimesida til Hardingasete
http://hardingasete.no/.
Pris for overnatting heile helga er 1500 kroner per person. Prisen er den same sjølv om du berre overnattar frå laurdag til søndag.
Betal inn på Vipps til Hanne på 93649008 innan 20. juni 2026. Merk betalinga med namnet ditt (og dei andre du eventuelt betalar for).