Vi gler oss stort til bryllaupet i Austrheim kyrkje den 15. august. Det blir ein dag fylt med kjærleik, glede og gode minne saman med familie og vener. Etter vigsla samlast vi til middag i Kielstraumen, der vi kan feire vidare i hyggeleg lag. Vi ser verkeleg fram til å dele denne spesielle dagen med dykk!
Vigsla startar 13.30 i Austrheim kyrkje.
Middag og fest vert i Kielstraumen. Me har valgt ein variant der alle kjem til både middag og kaffi.
For dei som ynskjer overnatting så er det mogleg å overnatte i Kielstraumen, me ber de ta direkte kontakt med Kielstraumen for evt. booking.
Gåver
Vi ønskjer oss aller helst pengar som vi kan bruke til å reise og oppleve verda saman med gutane våre. For oss er gode opplevingar og felles minne noko av det mest verdifulle vi kan ta med oss vidare i livet. Ei slik gåve vil bidra til at vi kan skape mange fine augeblinkar og minner vi kan sjå tilbake på med glede i åra som kjem.
For dei som heller ønskjer å gi ei gåve, har vi også laga gaveliste hos Kitchn og Illums Bolighus. Me legg linken ut her om litt.
Allergier
Dersom nokon har allergier me skal ta hensyn til så ta kontakt med Jannike eller Erik Andreas.
Me har den store gleden av å presentera Ingrid og Jon Gudbrand som våre visevertar.

